Opningstider:

Leikeland er no stengt og åpnar

att den 27. desember kl. 11.00

Vesterland Leikeland på Kaupanger

Vesterland leikeland på Kaupanger

 

Med ein hall på 1550 m2 har ungane ein fantastisk innandørs leikeplass i Sogndal.

 

Leikelandet består av eit stort klatrestativ med rutsjebaner, tunnellar, labyrintar, ballbinge, ballkanoner og glidebane. I tillegg vert det 4 hoppeslott, leikebilar, diverse ballspel og klatrevegg.

 

Klatrestativ

God boltreplass

Rutsjebaner

Prisar Leikeland

Helgar og feriar/skulefri:

Born kr 100,- (inkludert bading).

Vaksne: gratis.

 

Måndag til fredag ikkje når det er skulefri):

Born kr 50,- (bading er ikkje inkludert)

Vaksne: gratis.

 

NB! Barn kan ikkje leike utan tilsyn. Me krev at det er med minst ein vaksen for kvar 6 barn.

 

Barneselskap

Kr 169,- pr. born ved minimum 10 born (5–9 born kr 179,- pr. born). Vaksne går gratis.

Dete inkluderer tilgang for borna i leikeland, bading, 2 pølser med brød, valfri brus og is.

Nypoppa popcorn kan bestillast for kr 30,- pr. skål.

 

Det er ikkje høve å ha med medbrakt mat og drikke. Det gjeld og kaker, dessertar, kaffikanner mm.

Det er høve å ta med bursdagskake. Dersom de vil ta med godteposar, lyt dei leverast ut ved avreise.

Reglar i leikeland

1. Av hygieniske og sikkerhetsmessige grunnar må ALLE ha på seg sokkar inne i leikeland. Det er ikkje tillate å gå berrføtt eller å nytte sko. Sokkar kan kjøpast i resepsjonen.

2. Alle born må ha med seg ein myndig vaksen som er ansvarleg for bornet inne i leikeland

3. All leik skjer på eigen risiko.

4. Foreldre / føresette må informera borna om reglane.

5. Alle gjester er sjølve ansvarlege for verdisakene sine.

6. Mat, drikke, tyggegummi, snop og godteri er ikkje tillete i leikearealet, men kan nyttast i kaféområdet

7. Medbrakt mat og drikke er ikkje tillate

8. Det er ikkje tillete med spisse gjenstandar i lommene eller i/på kleda eller kroppen

9. Vi anbefalar langbukse og langarma gensar for å unngå skrubbsår

10. Det er ikkje tillate å klatra på kantane på hoppeslotta eller oppover i skliene

11. Alle må væra snille og ta omsyn til kvarandre, spesielt overfor dei små borna.

Godt å vite

Det kan vere greitt å berekne god tid i leikeland. Tips til dei vaksne: Ta med strikketøy, arbeid, laptop (gratis wlan) eller noko anna de kan gjere på medan barna leikar. Reis saman med venner. Det er fort det går både to, tre og fire timar. Det er ikkje høve å ha med medbrakt mat og drikke.

Vesterland  |  6854 Kaupanger  | NORWAY

Tel: (+47) 57 62 71 00

E-mail: adm@vesterland.no

vesterland.no

Vesterland Leikeland på Kaupanger

:

Vesterland Leikeland på Kaupanger
Vesterland Leikeland på Kaupanger