På Vesterland har vi treningsstudio, symjehall, squashbaner og flott turterreng rett utanfor døra.

Symjehall

NB: Vesterland held stengt i jula frå Mandag 11. Desember. Me held åpent 27. - 30. Desember, 11.00 - 17.00.

Ordinære åpningstider frå Onsdag 3. Januar. 2018.

 

Symjehallen har utanom hovudbassenget også eit barnebasseng samt sitjekrok for dei som vil slappe av.
Kaffi, te, mineralvatn eller frukt kan kjøpast på staden. Open kvar dag i turistsesongen fra 08.00-23.00


Utanom turistsesongen er symjehallen open kvardagar frå 09.00 - 11.00 og frå 16.00 til 21.00.

Helg & skulefri 09.00 - 21.00. Det er 15 års grense på bading utan foreldre eller annan føresett.

Vatnet held 32 grader kvar dag.

Me har dusjmatter for babyar. Spør i resepsjonen.

 

Vaksenbading

Mandag t.o.m. fredag mellom 1. september og 31. mai er det vaksenbading mellom kl. 19.30 - 21.00. Dette gjeld ikkje når det er haustferie, juleferie, vinter og påskeferie.

 

Skulebading kvar torsdag frå kl. 10.00

 

Prisar:

Born 0-14 år kr 35,-

Vaksne fra 15 år kr 70,-

Familie (2 vaksne og 2 born) kr 150,-.

Squash

2 baner. Banene kan førehandtingast. Kun sko med lyse sålar.

Pris: 80,- for 30.minutt. Leige av racket: kr 25,- pr stk.

 

Treningsstudio

16 års aldersgrense.

Årskort kr 3.000,-

Årskort Trening og symjing: kr 3.750,- (60+ kr 2.500,-)

Månadskort: kr 500,-

Klyppekort, 10 klypp: 600,-

"Drop in" kr 80,-

Kun innesko med sålar som ikkje fargar av.

Aktivitetar utandørs på Vesterland

Sykling

Varierte turløyper i nærområdet. Både gode sykkelstier og offroad sykling på fjellstier

 

Turgåing

Mange turstiar startar direkte frå Vesterland. Variert og godt turterreng. Både lettgåtte turløyper og lengre fjellturer. Kart og informasjon får du i resepsjonen.

 

Fiske

I nærleiken av Vesterland finn du Sogndalselva, Lærdalselva og ei rekkje gode vatn for fiske etter innlandsaure.

 

Natur

Sogn og Fjordane er kjent som eit av dei vakraste fylka i Noreg. Ein treng ikkje vere turist for å bli imponert og bergteken av den storslåtte naturen. Opplev området til fots, på sykkel, med bil eller med ein cruisebåt

 

 

Vesterland  |  6854 Kaupanger  | NORWAY

Tel: (+47) 57 62 71 00

E-mail: adm@vesterland.no

vesterland.no